Kva er open forsking?
I løpet av dei siste åra har open forsking fått eit stadig sterkare politisk og juridisk fundament. Internasjonalt vedtok UNESCO i 2021 ei anbefaling om open vitskap som forpliktar medlemslanda til å fremje open forsking på tvers av fagfelt og landegrenser. I EU er European Open Science Cloud (EOSC) ei sentral infrastruktursatsing for deling av forskingsdata og -resultat.
I Noreg har Forskingsrådet og andre finansiørar innført krav om open tilgang til publikasjonar og forskingsdata, og i 2017 vart det vedtatt ein nasjonal strategi for tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata. Sjå elles Nasjonale strategiar, politikk og retningslinjer for nærare oversikt.
Open forsking omfattar ei heil rekke tendensar og retningar som i stor grad er gjort mogleg av nye digitale teknologiar for deling av informasjon.
Open forsking inneber både vidareføring og kritikk av eksisterande vitskapelege tradisjonar. Mange av prinsippa for open forsking er ei vidareføring av etablerte prinsipp for god forsking, men er òg ein kritikk av tendensane til å halde mykje av sjølve forskingsprosessen skjult og «lukke» tilgangen til resultata i form av betalingsmurar.
Det er eit breitt spenn i dei forventa effektane av open forsking. Auka etterprøvbarheit og kvalitet, auka verdiskaping, demokratisering av kunnskap og auka innovasjon er berre nokre av fordelane som ofte nemnast. Det hindrar ikkje at enkelte aspekt ved open forsking er omdiskutert, blant anna har potensialet for misbruk av data til illegitime formål og påstått lågare kvalitet på publikasjonar i opne tidsskrift blitt brukt som argument mot open forsking.
Aspekt ved open forsking
Open forsking er eit paraplyomgrep som spenner over eit vidt spekter av aktivitetar og prinsipp.
Dei vanlegaste oversiktane over open forsking inkluderer som regel open tilgang til publikasjonar (open access), opne data, open kjeldekode og opne læringsressursar. I tillegg er også open metodologi (inkludert preregistrering av studium, som særleg er brukt ved kliniske utprøvingar) og folkeforsking (citizen science) eller brukarmedverking gjerne med. Kva som reknast med under open forsking kjem gjerne an på kva som vektleggast – kva som skal vere opent for kven av kva for grunnar. Er det demokratisering og inkludering av ålmenta som er vektlagt, er folkeforsking ein naturleg del av open forsking, men er det reproduserbarheit som er hovudfokuset, blir ofte transparens og opne data vektlagt.
Det finst fleire framstillingar av kva open forsking omfattar. UNESCO sin anbefaling om open vitskap er blant dei mest sentrale internasjonale referansane, og inkluderer mellom anna open tilgang, opne data, open kjeldekode, opne læringsressursar og folkeforsking som kjerneelement.
Open forsking i praksis: forsvarleg, reproduserbar og open
Når det gjeld open forsking i praksis, er det først og fremst open tilgang til publikasjonar (open access) og opne data som har stått i sentrum. Andre element innanfor open forsking, som open kjeldekode, open fagfellevurdering og opne læringsressursar, begynner likevel å få meir fokus. Dette bidrar både til at kunnskap og forskingsresultat blir gjort tilgjengeleg for fleire, men også at sjølve forskingsprosessen og metodikken blir meir transparent og i aukande grad kan etterprøvast og forbetrast.
Sidan god forvaltning av forskingsdata er ein føresetnad for både opne data og generell etterprøvbarheit, inneber open forsking i praksis også gode rutinar og reiskap for datahandtering. God datahandteringspraksis, inkludert informasjonssikkerheit og personvern, blir dermed eit viktig element i innføringa av open forsking.
Det er i denne samanhengen viktig å vektlegge at openheit i forskning ikkje er noko absolutt «enten – eller», men kan gjerast delvis, gradvis og på ulike tidspunkt og ulike måtar. Prinsippet for open forsking må alltid vere så opent som mogleg, så lukka som nødvendig. Omsyn knytt til personvern, forskingsetikk eller juridiske vurderingar vil for eksempel legge føringar for kva som kan delast opent og ikkje. Open forsking skal alltid innebere forsvarleg og etisk forsking, og i tillegg ha som mål å vere mest mogleg transparent, etterprøvbar og opent tilgjengeleg.
Tekst: Open Science Toolbox/Sikt
Lisensiert med CC0